Vilkår for Arkfinch PDF

Personleg brukarlisens

Lisensgivar: Magnus Røed, org.nr. 934 036 166

hello@arkfinch.com

Kvar lisens gir éin person rett til å bruke Arkfinch PDF både privat og i arbeidet sitt. Du kan kjøpe lisens til deg sjølv. Ei verksemd eller ein organisasjon kan kjøpe lisens til ein person som skal bruke programmet. Dersom fleire skal bruke programmet, treng kvar person ein eigen lisens.

Fleire brukarar kan ikkje dele éin lisens. Utdeling eller sal av ekstra programkopiar krev særskilt løyve frå lisensgivaren.

Du kan ta ein tryggleikskopi til eige bruk. Du kan dele PDF-ar du lagar eller redigerer, så langt du har rettane til innhaldet.

Tredjepartskomponentar følgjer sine eigne lisensar. Du finn dei under Innstillingar → Lisensar → Tredjepartslisensar. Rettar som følgjer av desse lisensane, tidlegare tildelte lisensar eller ufråvikeleg lov, gjeld framleis.

Tilbake til produktet